lørdag 21. februar 2009

Endeleg lørdag!

Lørdag, ein dag som passar for fri, kos og avslapping. Ein dag eg likar å bruke til akkurat det eg har lyst til og saman med akkurat den eller dei eg ynskjer. Ein dag der eg kan få tid til å vere for meg sjølv eller å gjøre ting eg ikkje har hatt tid til å gjøre heile veka. Ein dag eg likar.
I dag er det lørdag. Men har eg gjort det eg hadde mest lyst til i dag? Nei absolutt ikkje! Dagen i dag har vore ein dag for slit og hardt arbeid, det har vore ein dag med feltarbeid. Det er faktisk feltarbeid som har tatt det meste av tida mi dei siste vekene. Vi har tenkt mykje og arbeida hardt, men møtt ein del hinder på veien og arbeidet har gått sakte. Det ser ut til at søndagen òg blir ein dag for feltarbeid. Altså ikkje mykje fri, kos og avslapping for meg dinna helga. Men heldigvis har eg mine tre gode venar med meg, vi sit i stua, har åte god mat og prata, so litt kos har det blitt alikavel. No skal vi ete grønnsake, sjå grand prix, slappe av og lade opp til endå ein dag med hardt arbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar